Hardanger Energi er stolte av å vera ein lokal energileverandør med sterke røter i Hardanger, og me arbeider kvar dag for å skapa verdiar for kundane våre og lokalsamfunna rundt oss.
For oss handlar energi om meir enn straum i kontakten. Det handlar om å bidra til levande bygder og vera ein støttespelar til lokale aktivitetar.
Me kjenner folket, bygdene og behova i regionen. Når du tek kontakt med oss, møter du folk som kjenner lokalmiljøet og som bryr seg om å finna gode løysingar.
Hardanger Energi er meir enn ein straumleverandør. Me støttar aktivitetar innan idrett, kultur og frivillig arbeid, fordi me veit kor viktig dette er for å skapa levande lokalsamfunn. Vår reklame er stønad til lokale aktivitetar framfor kjøp av reklame i store mediehus.
Krafta vår kjem frå naturen som omgjev oss. Difor tek me ansvar for å forvalta ressursane på ein måte som kjem både dagens og framtidige generasjonar til gode.
Hardanger Energi er bygd på dei same verdiane som har forma bygdene våre gjennom generasjonar:
Me trur på å halda det me lovar, stilla opp når det trengst og bidra til utvikling der folk bur og arbeider.
Når du vel Hardanger Energi, er du med på å styrkja lokale arbeidsplassar og kompetansemiljø. Verdiane som vert skapte lokalt, kjem lokalsamfunna til gode gjennom eigarkommunar, arbeidsplassar, aktivitetar og investeringar.
Hardanger er kjend for mektige fossar, djupe fjordar og storslått natur. Denne naturen gjev grunnlaget for rein og fornybar energi som skaper verdiar kvar einaste dag. Me nyttar energien i vassdraga på ein skånsom måte.