Lokale bedrifter › Bygg og anlegg › Helland Elektro AS
Lokale bedrifter
 Logo

Elektroinstallasjonar

Helland Elektro AS prosjekterer og utfører elektroinstallasjonar for industri, landbruk, fiskeoppdrett, næring og bolig. Sidan 1960 har vi levert elektrotenester primært i Nordhordland og Gulen, men til tider også over heile landet.

Ulike oppdrag
Sidan etableringa i 1960 har vi ekspandert til å bli ein av dei største elektrobedriftene i Nordhordland. Vi utfører elektroinstallasjonar for alt frå private boligar til næringsbygg, offentlege bygg, landbruk, industri og fiskeoppdrett. Vårt fagområde omfattar også offshore-relaterte installasjonar innan oljesektoren, og maritime installasjonar på skip.

Styringssystem og tavlebygging
Vi innehar solid fagkompetanse innan avanserte styresystem og tekniske anlegg. Vi prosjekterer og bygger eigne tavler, programmerer PLS-styringar og leverer løysingar innan industriell automasjon og instrumentering.

Sterk- og svakstrømsinstallasjonar
For å sikre stabil drift og trygge bygg monterer vi system for adgangskontroll, kameraovervåkning og alarm, samt nødlys og brannvarslingsanlegg. Vi leverer også infrastruktur for data og fiber, og ivaretar kundane våre med energibesparande ENØK-tiltak for å optimalisere energibruken i anlegget. Vi planlegg, prosjekterer og monterer hurtigladestasjonar over heile landet, og ivaretar service av desse.