Lokale bedrifter › Bygg og anlegg › Hjelmeland Bygg
Lokale bedrifter
 Logo

Frå planar til ferdig bygg:
Som sagt – så gjort!

Frå planar til ferdig bygg: Som sagt – så gjort!

Hjelmeland Bygg er den lokale totalleverandøren for deg som skal byggje nytt, byggje om eller få gjort noko med det du allereie har.

Me held til i Årdal og har levert godt handverk i Ryfylke sidan 2000. I dag er me 15 gode kollegaer som saman med faste samarbeidspartnarar tek på oss både små og store byggeprosjekt. Kort sagt: Har du planar, har me folka som kan få jobben gjort.

Kva kan me gjere for deg?

Byggje nytt
Hus, hytte, næringsbygg eller driftsbygning? Me kan ta hand om heile prosessen, frå dei første tankane til ferdig bygg. Som Systemhusforhandlar tilbyr me òg eit stort utval hus- og hyttemodellar.

Teikne og planleggje
Me tilbyr arkitekt- og tekniske tenester og kan hjelpe deg med å utvikle gode løysingar tilpassa tomta, behova og planane dine.

Byggje om eller byggje på
Treng du meir plass eller vil du få meir ut av huset du har? Me hjelper deg med tilbygg, påbygg og ombygging.

Pusse opp og rehabiliterea
Nytt tak eller ny kledning? Skifte vindauge og dører, etterisolere eller pusse opp? Me har fagfolka som får jobben gjort.

Garasje og naust
Me byggjer garasjar og naust tilpassa tomta, omgjevnadene og det du skal bruke bygget til.

På jakt etter ny bustad?

Me utviklar og sel òg eigne bustadprosjekt i Ryfylke, med leilegheiter, rekkehus, einebustader og tomter for sal. Nokre har òg moglegheit for båtplass og sjøbu.

Sjå bustadprosjekta våre på hjb.no.

Kvifor velje Hjelmeland Bygg?

Når du slepp handverkarar inn i huset ditt, eller gir dei ansvaret for å byggje eit heilt nytt, skal du vite kven du har med å gjere.

Me er lokalt forankra i Ryfylke og veit kva som krevst av bygg som skal stå godt i vêr og vind. Du får erfarne fagfolk, korte vegar til dei som har ansvaret og éin aktør som kan følgje prosjektet frå plan til ferdig resultat.

Og kanskje viktigast:
Me gjer det me seier at me skal gjere. Som sagt – så gjort.

Har du eit stort prosjekt på teiknebrettet, eller ein mindre jobb du vil få gjort? Ta kontakt med Hjelmeland Bygg, så gjer me noko med planane dine – saman.

Åpningstider

Mandag 07:00-15:00
Tirsdag 07:00-15:00
Onsdag 07:00-15:00
Torsdag 07:00-15:00
Fredag 07:00-15:00