Lauareid Service AS vart stifta i 2010 av dagleg leiar Bjarte Lauareid. Me driv med sal, montering og service av varmepumper. Til store glede for våre kundar. Me nyttar stort sett namnet «Lauareid» i vår omtale og marknadsføring.
Me har kontor, lager og verkstad i Skånevik, har overtatt Kalland i Haugesund frå mars 2019, og har ei avdeling i Haukelitunet på Edland.
Dette skal kjenneteikna oss:
Lauareid veit at våre kundar er våre viktigaste ambassadørar, og skal oppføra oss og levera deretter.
Me er sertifisert i samsvar til dei nye F-gass krava for varmepumpemontering som tredde i kraft i 2013.
Me er autorisert forhandlar av Mitsubishi, Panasonic og Toshiba varmepumper.
F-gass forordningen (EF) 842/2006
F-gass forordningen (EF) 842/2006 (2)
Me tek primært oppdrag i Sunnhordland, Nord-Rogaland og Vest-Telemark.
Varmepumper
Me har hovedfokus og skal vera svært gode på luft-til-luft varmepumper. Er sertifisert i samsvar med dei nye F-Gass krava for montering og vedlikehald av alle varmepumper frå Mitsubishi, Panasonic og Toshiba inkludert eldre modellar av varmepumper.