Eit komplett transporttilbod
Me har utstyret og kompetansen som trengst for å frakta det meste frå A til Å. Hovudvekta av kundane våre finn du i Modalen og Vaksdal kommune, og me køyrer for både private og offentlege aktørar.
Tenestene våre femner vidt, med alt frå rutekøyring og turkøyring til faste godsruter. I tillegg driv me ein eigen verkstad på Eidsland, som i 2025 fekk ei skikkeleg oppgradering for å møta krava til ei moderne transportverksemd.
Lokal taxi og tilrettelagd transport
For å tilpassa oss behova i lokalsamfunnet, etablerte me i 2025 Vaksdal og Modalen Taxi. Taxiselskapet er heileigd av MEBAS og stasjonert i Dale sentrum, med drift i samarbeid med Bergen Taxi 07000.
Me er også opptekne av at transporttilbodet skal vera tilgjengeleg for alle. I 2026 investerte me difor i ein minibuss som er spesielt tilpassa transport av rullestolbrukarar. Dette gjev oss endå betre moglegheiter til å gje eit tilrettelagt tilbod for dei som har behov for det.
Sertifisert for kvalitet og miljø
Me er stolte av å vera sertifiserte etter ISO 9001 for kvalitet og ISO 14001 for miljø. Som kunde skal du oppleva at me har fokus på tilgjengelegheit, punktlegheit og god service
Samstundes jobbar me målretta for å ta vare på det ytre miljøet. Dette gjer me mellom anna ved å ha høg medvit rundt effektiv køyring og ved å satsa på miljøvennlege køyretøy når me gjer nye innkjøp.
Lokal forankring sidan 1977
Sjølv om me stadig utviklar oss og nyleg har vunne anbodet for rutekøyring heilt fram til 2035, gløymer me aldri historia vår. MEBAS vart formelt etablert i 1977, men røtene for rutedrift i dalføra går heilt attende til 1930-talet.
Ta gjerne kontakt med oss dersom du treng hjelp med eit transportoppdrag. Saman finn me den beste løysinga for deg.