Lokale bedrifter › Helse og velvære › SAMTALETERAPEUT MARIT TEIGEN
Lokale bedrifter

Er du i ein vanskeleg livssituasjon og treng nokon å snakke med?

Gestaltterapeut Marit Teigen tilbyr samtaleterapi der ho hjelper deg med å utforske dine tankar, kjensler og mønster.

Ho legg vekt på nærvær, openheit og respekt i arbeidet sitt, og er opptatt av å skape eit trygt rom der du kan utvikle deg og finne nye løysingar i livet ditt.  

Terapi kan gje deg moglegheit til å kome ut av fastlåste mønster ved å bli bli betre kjent med eigne tankar, reaksjonar og handlingsmønster.

Det kan gje deg moglegheit til å omarbeide tidlegare erfaringar, få støtte til å stå i og handsame ein vanskeleg livssituasjon.

Det kan vere:

  • Vonde følelsar, som vedvarende uro, bekymringstankar, angst
  • Kjenner deg nedstemt, mild til moderat depresjon
  • Kjenner deg sliten, stressa, utbrent
  • Sorg, tap, livskrise
  • Traume
  • Skyld, skam
  • Sjølhevding og grensesetting
  • Rus og avhengighet
  • Pårørande
  • Opplever påkjenningar eller konfliktar privat eller på jobben
  • Konkrete utfordringar i parforholdet
  • Føler at du sit fast i livet, og treng/ ønsker endring
  • Ønsker du å vere meir til stades i eige liv, meir nærvær, meining, glede, energi og sjølvkjensle

Utgangspunktet for samtalen er det som er viktig for deg.

Ekspertbistand:

Eg tilbyr og rettleiing knytt til NAV- tiltaket ekspertbistand, ei støtteordning frå NAV som skal hjelpe arbeidstakar og arbeidsgivar med å finne ut kva tiltak som kan setjast inn for at den tilsette skal kome attende i arbeid. Dette kan vere aktuelt for deg som tilsett som har langvarig/ hyppig sjukefråver.
Døme på tema for rettleiing kan vere: motivasjon, stressmestring, førebygge utbrenthet, kommunikasjon- relasjonsutfordringar. Les meir om dette tiltaket her : https://www.nav.no/ekspertbistand#hvem

Eg er offentlig godkjent og autorisert helsepersonell og har teieplikt jamfør helsepersonell lova.

Åpningstider

Mandag 10:00-18:00
Tirsdag 10:00-18:00
Onsdag
Torsdag
Fredag