Vi er eit murerfirma med lang erfaring innan murerfaget, rehabilitering av pipe og eldstadar, samt flislegging.
I vår butikk har vi ei stor flisutstilling, samt eit stort og breitt utval av forskjellige verktøy og spesialvaskemiddel.
Vi sel ovnar og eldstadar og har derfor ei stor utstilling av ulike modellar frå mange kjende leverandørar.
Om du treng å rehabilitere ein eldre eldstad eller ynskjer ein ny ovn, kan vi ta heile jobben.
Vi tilbyr både riving av gammal peis og montering av ny peis. Dette gjeld også ny pipe eller rehabilitering av pipe.
Murerfirmaet Sigbjørn Vik & Son AS starta i 1987 og har i dag sju tilsette, herav éin med meisterbrev.
Vi har Sentral godkjenning og er godkjent for ansvarsrett.
Uansett kva du treng hjelp til innan vårt fagfelt, er det berre å ta kontakt for ein hyggeleg samtale og eit uforpliktande prisoverslag.