Lokale bedrifter › Bygg og anlegg › Tecno VVS AS
Lokale bedrifter
 Logo

Tecno VVS er eigd av brødrene Geir og Helge Neteland. Sønesøner av Kåre Neteland, som i 1976 starta Kåre Neteland AS i garasjen sin i Norheimsund. Dei siste 15 åra har Kåre Neteland AS gått frå å vere ei enkel røyrleggjar verksemd, til ei kompleks VVS verksemd med 70 tilsette på lokasjonar som dekker store deler av indre Vestland.

Ekspanderinga starta i 2013 då Kåre Neteland AS kjøpte opp Kantek AS og Voss Ventilasjonsteknikk AS, som etter kvart utgjorde Tecno VVS AS. I 2022 vart også verksemda Grønsberg og søner AS i Sogn kjøp opp, og geografien utvida ytterlegare.

Vår styrke er samansetninga av fleire fag og yrkesgrupper. Me er røyrleggjarar, ventilasjonsmontørar, serviceteknikarar, automatikarar, blikkenslagarar, ingeniørar og administrative tilsette som tilbyr totaltekniske løysingar innan VVS. Vår tverrfagleg spesialkompetanse er særskild innan sanitær, varme, luftbehandlingsanlegg, blikkenslagerarbeid, automasjon og SD-anlegg. Me står for prosjektering, utføring og drift av tekniske anlegg på ein energiøkonomisk måte, og er lokalisert i Norheimsund, Voss, Aurland og Lærdal.

Som totalteknisk leverandør og din lokale røyrleggjar leverer me varmeanlegg på større og mindre prosjekt, men også ny utekran til fru Hansen.

Følg oss Instragram og LinkdIn

Våre avdelinger:

Avd. Kvam

Gamle Dalavegen 84, 5600 Norheimsund

post@tecno.no

Tlf. 56 55 36 00

Avd. Voss

Brynaskogen 25, 5705 Voss

post@tecno.no

Tlf. 56 55 36 00

Avd. Lærdal/Aurland

Håbakken 3/Odden 15, 6887 Lærdal/5745 Aurland

post@tecno.no

Tlf. 901 99 692