For alle frå fem år og oppover
Vindtunnelflyging er perfekt for både familiar, venegjengar og bedrifter. Mange tenkjer at dette er forbehalde dei som driv med ekstremsport, men slik er det ikkje. Hos oss kan alle frå fem år og oppover fly, anten du er nybyrjar eller ein erfaren adrenalinsøkjar. Har du eit handikap, vil vi gjerne tilretteleggje slik at du også kan få kjenne på meistringskjensla i tunnelen.
Slik går flyginga føre seg
Du treng inga tidlegare erfaring for å fly hos oss, for vi tilpassar flygetimen til deg og ditt nivå. Ei vanleg oppleving varer i omtrent 90 minutt frå start til slutt. Du kan velje pakkar med fire, seks eller åtte flygingar, der seks flygingar er pakken vi tilrår for deg som flyr for første gong. Éin tur i tunnelen gjev deg faktisk meir flytid i lufta enn ved fleire ekte fallskjermhopp.
Tryggleik heile vegen
Det er heilt trygt å fly hos oss. Vi brukar topp moderne tryggleiksutstyr, og våre erfarne instruktørar følgjer deg tett gjennom heile opplevinga. Frå sommarfuglane i magen før start, til jubelen når du meistrar teknikken, sørgjer vi for at du får ein fantastisk og trygg tur uansett kva nivå du er på.
Perfekt til spesielle anledningar
Er de på jakt etter ei heilt unik oppleving til bursdagen, utdrikkingslaget eller firmaturen? Vindtunnelen er ein aktivitet som skapar samhald og gjev minne for livet. Kjenner du nokon som har alt, kan vi også freiste med gåvekort. Gjev nokon moglegheita til å kjenne på kjensla av å fly!
Opplevingar uansett vêr i ekstremsportbygda
Voss er kjend for spektakulær natur og ekstremsport, og med VossVind får du oppleve spenning på ein ny måte, heilt uavhengig av vêret utanfor. Kombiner gjerne flyginga med andre aktivitetar i området for ei uforgløymeleg oppleving.
Sjå ledige tidspunkt i vår live-oppdaterte bookingkalender på vossvind.no, og bestill din flytur i dag. Vi held ope alle dagar i skuleferiar, og vi opnar gjerne opp for større grupper utanom dei faste opningstidene. Ta kontakt, så planlegg vi turen saman.
Besøk oss på Instagram